DFØ: Departementet for økslingskontrol

Publisher: 
Place: 
Osló
Year: 
1969

The novel Niðjamálaráðuneytið (The Department of Procreation), translated to Norwegian by Asbjørn Hildremyr.

From DFØ:

Den mörke steinfiguren til Ingolfur Arnarson ruver mot den blå vårhimmelen. Han står urörleg på same flekken, peikar til himmels med spydet sitt og ser ut over bygda si med rolege auge.

Reykjavik er ein vakker by.

Det er det same kva kant ein kjem frå. Kjem ein austanfrå - ned frå Hellisheidi kanskje - breier dröymande vågar seg ut for auga. Her ligg ein gjödselsfabrikk, ein söppelomn og eit asfalt- og pukkverk, og spyr ein orgie av ulike lukter mot himmelen, her som folk elles kunne bu i vakrare natur enn nokon annan stad pa sörlandet. Og ikkje må ein glöyme skrapjarnshaugane, trandamperiet og kyrkjegarden for skipsvrak på stranda, som buktar seg så mjukt innanfor dei staselege öyane. Kjem ein sjövegen er det same herlegdomen som stikk i auga, rusta bölgjeblekkskur som står der berre til nedfalls,avdanka söppelfyllingar med utsyn mot jökelen. Og kjem ein ned frå himmelen, landar flyet på ei asfaltstripe som ligg og duppar i ei blautmyr, omkransa av alt det ugras som kan livberge seg på Island.

Reykjavik er ein vakker by.

Ei grunn tjönn ligg der som eit skjelmsk auge og glytter opp, yrande av tyske svaner og fargesprakande ender som karene på brannstasjonen diktar vers om. I nordvest ris Snæfellsjökelen or sjöen, kvit av snö som ein sukkertopp frå gammal tid. Lenger vest möter auga berre den endelause synsranda, - sjöen under, himmelen over. Litt lenger sör kan ein sjå Keili, ei snölaus utgåve av jökelen i lommeformat. Ut gjennom vindauget i venteromet til banksjefen i Sysselsetjingsbanken, ser ein over sunda mot Esja, som gjerne vil pynte seg med alle slags léter, frå blått og heile spekteret rundt til blått att. Lenger borte ligg Akrafjell og töyer seg så langt det kan. Det er eit bygt ob skikkeleg fjell, som skore i tre. Og det ser på låglandet med same inderlege vanfördnad som fanden ser på ei god jerning. Det er som regel mange menn i venterommet til banksjefen. Dei sit ihopsokne og glanar på dei staselege fjella, og har vel aldri tenkt på kva det kan kome av at folk sit ihopsokne når dei ventar på ein banksjef.

(5-6)